Übertøs
Shake Off

Übertøs er no aktuelle med sitt andre album « Shake Off» med release 20.jan 2018.

Albumet er spelt inn i Duper Studio, Bergen Kjøtt, produsert av Yngve Sæthre og Martin Smoge. Andre utgjevingar: Ep-en To Hell on one Wheel (2011), bestillingsverket og singelen (på fransk) til kortfilmen Return og debutalbumet >i>We do eat Lions (2014). Albumet vart spela inn i Conclave & Earshot Studios, over Garage, med hjelp av Bjørnar Nilsen (Vulture Industries/Karisma Records) som produsent og Herbrandt Larsen (Enslaved) som ansvarleg for mastringa. Albumcoveret er i seg sjølv eit samleobjekt, det er måla av kunstnar og tatovør Tomas Bruvik.  Übertøs spelar rå og melodiøs rock med stil. Ubertøs byrja som eit The Smiths coverband i 2004. Bandet vart kjapt kjent i musikkmiljøet i Bergen for sin kompromisslause blanding av sjangrar, uortodokse akkordar og akkordrekkjer. Sidan starten som AKKS-band og fram til i dag har übertøs vore eit fast medlem i det bergenske undergrunnsmiljøet, og spelt jamnt på dei aller fleste scenene i Bergen (sjå eige liste for konsertbio). Übertøs, som i starten heitte Pølsefar, har sidan oppstarten hatt ein god del utskiftingar av bandmedlemmar, men opplevde den drøyaste av dei i 2015 da grunnleggjar og bassist Hilde Kristin, i tillegg til trommisen Anders Thomassen slutta.  Sjangermessig har bandet gått frå å vere eit indie poprock band inspirert av band som Belle and Sebastian, Stereo Total, Siouxie and the Banshees og Velvet Underground, til å bli meir av eit garagerock/new wave band som lurar inn element frå køntri, punk, powerpop og 60-tals girlgroup.

Mild Nervous Collapse Records

LP

20. jan. 2018
Katalognr: MNC001
EAN 7041889505975
PPD 100,-
  1. Night Riders
  2. Hot Damn Emmylou
  3. Betty Jack
  4. Lucinda
  5. Wicked Joe
  6. Nuttie Home
  7. Help Me Rocky
  8. Yankee From Hell

Høyoppløste bilder:

MNC001.jpg