Beinkjør - Skot & Skrømt

Beinkjør
Skot & Skrømt

Beinkjør er 10 år gamle og byrjar i 4. klasse til hausten. Ein tilfeldig gjeng med eksmedlemmer frå Noregs Statskyrkje, Ulstein og Hareide Dykkerklubb, Filefjell Snøfjøllaug, Boingklubben, Nintendoklubben, og Lærdal Idrettslag.

Musikken er vaklande Lærdal rebel rock'n'roll som kan treffa deg midt i trynet om du står godt plassert. Etter 3 album* med slek pønkråkk var dei tomme for riff og åpenbare tema.
-Det var på tide å kløppa seg og bli vaksne, kara!

Skot & Skrømt er ei skildring av Lærdal. Ei unik norsk bygd som likevel er veldig lik andre norske bygder. Om du ikkje kjenner deg att i tekstane, kan du drøyme om ein barndom du aldri fekk.

Der Olav Stedje møtte tema han måtte vandra ifrå, tek Beinkjør ein stiv ein og vandrar rett på. (Verre rim finn du i innleggsheftet til plata).

Beinkjør skal ikkje til Hollywood eller Royal Albert Hall.

Ei heller til toppen, om det så måtte vere for å spele rock'n'roll.

I Eat Records

CD

15. nov. 2010
Katalognr. DIG005
EAN 7071245020552
PPD 40,-
Sporliste:

Høyoppløste bilder: