
Lillian Samdal
Fire Vintrar
“Stemma
er heilt hennar eige, vanskeleg å skildre. Den har ein varme i seg,
ein stille intensitet”
Katrine
Sele, Firda
Lillian Samdal skriv songtekstar på nynorsk med inspirasjon frå vatn og jord, historier og forhold. Musikken finn klangbotn i visetradisjonen, folkemusikk og jazz.
I
september kom singelen Så lang er vegen. Debutplata Fire vintrar er
ute 23. oktober. Den er spelt inn i Fort Knox, saman med produsent
Kato Ådland, og i Myrane i Fjaler. Det er eit lågmelt album - med
spor av natur i ei instrumentering som spenner frå vedkubbar og
rustne oljefat til nykelharpe og vakre vokalharmoniar.
Vinylen er eit visuelt smykke, lagt i innerlomme med prent av 11 songtekstar som rom for ein semitransparent kvit vinyl. Omslaget er laga med stilleben av kunstnaren Borghild Rudjord Unneland. Trykt på finaste papirkvalitet frå Munken og med grafisk formgjeving av Anna Maria Bojarowicz
Spongafon
LP
CD
1. Alt
2. Dagar
3. Vise
4. Smal Reim
5. Vatn Ved Ei Bru
6. Tung A Snø
7. Ting
8. Innfall
9. Gjennom Vinteren
10. Ei Lukke
11. Så Lang Er Vegen