Frøkedal & Familien - Flora

Frøkedal & Familien
Flora

Flora er et album om natur, søken og vår iboende evne til å finne sammenhenger. I en verden av logikk og algoritmer, ser Flora det magiske, intuitive – og tilknytningen vi alle drømmer om.

Dette er tredje album fra Frøkedal & Familien.

På albumet ‘Flora’ fortel Frøkedal & Familien om natur, einsemd og framandgjering i ei kald verd – og draumen om å høyre til, som me alle har i oss.

Dei musikalske banda mellom Anne Lise Frøkedal og musikarane i bandet Familien, strekk seg ubrote gjennom begge dei to tidlegare Frøkedal-platene, og eit stort antal konsertar. På tredjealbumet Flora, smelta Frøkedal & Familien saman til eit fullverdig kollektiv. Dei 10 låtane på plata blei spelt inn live i løpet av like mange dagar i studio.

«Først lærte me oss songane ved å spele dei for publikum – gjerne litt før me var klare for det, så eg må berre beklage til dei som har fått servert ein halsbrekkande tidleg versjon av desse låtane. Men i studio gav dette oss overskot til å tenke heilskap framfor bagatellar,», seier Frøkedal.

Låtane på Flora strekk seg frå spirituell hippie-folk til indiepop og felerock. Det finst spor av skeiv tonalitet, norsk tradisjonsmusikk, eit glimt av blues, eksotiske klimpreinstrument og, på ei ellers engelskspråkleg plate, blir det brått sunge på etnedialekt. I det heile tatt kan det virke som om Frøkedal & Familien har nekta seg lite.

Så kvifor ikkje lage songbok, som ein annan Lillebjørn Nilsen? Det som byrja som ein spøk har blitt til 28 sider med tekstar, historier frå bandet, notar og låt-for-låt illustrasjon av den britiske kultartisten Robyn Hitchcock. Songboka er inspirert av andre som har covra bandet, på sekkepipe, trekkspel, eller berre kasta seg ut i dans på konsert. Frøkedal & Familien forklarer ideen slik:

«Me har komme fram til at det å insistere på å vere ein«artist» som publikum skal betrakte frå avstand, kjennes sekundært, til og med litt flautt. Musikk er ei samlande kraft, som gir oss alle tilgang på eit utvida spekter av kjensler, minner og visjonar. Med songboka legg me alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtane – eller til og med spele dei sjølv.»

Flora er eit album med ei sjeldan musikalsk kraft. Ein augeblink fanga på plate, der bandet seinkar skuldrene, opnar augene og skapar musikk utan å begrense seg. Flora er lyden av tilknyttinga Frøkedal & Familien søkte og dei mange svara dei fann i floraen der ute.

Fysisk Format

LP

14. mai 2021
Katalognr. FY160LP
EAN 7041889511013
PPD 125,-

CD

14. mai 2021
Katalognr. FY160CD
EAN 7041889511020
PPD 75,-
Sporliste:
1. SØN
2. Set Your Spirit Free
3. Shot-Put
4. Treasure
5. Window
6. Lonely Robot
7. Familiar
8. Flora
9. Dark Woods
10. Takedown

Høyoppløste bilder: