Katt Hernandez & John Andrew Wilhite-hannsidal - Bei-spiel

Katt Hernandez & John Andrew Wilhite-hannsidal
Bei-spiel

Hand-trykte vinylomslag av den kjende amerikanske kunstnaren Erik Ruin! Motvind Records presenterar eit fabelaktig duoalbum av dei amerikanske (men Skandinavia-baserte) strengevirtuosane Katt Hernandez og John Andrew Wilhite-Hannisdal. Dei improviserar rundt ideen om ein musikk som kan ha vore, eller kan bli. Eller berre er. Det tette og nysgjerrige samspelet følgjer ein logikk som heile vegen let lyttaren ta del i denne «potensielle» folkemusikken. Frå det ytterst svake, der dei så og seie berre puster på strengene, til musikk som minner oss på at vi må fortsetje å danse, er intensiteten i forløpet dramatisk og elegant. Titlene er ein mikstur av ekte og fiktive plasser og historier, passende inn på eit alternativt kart, eller som tittelen antyder - «landskapseksempler», mogelege kartografier. Denne LP'en finnes i 100, nummererte eksemplar.

Motvind Records

LP

31. okt. 2020
Katalognr. MOT8LP
EAN 194491291143
PPD 175,-
Sporliste:
1. Agrafa
2. Atsion
3. Gulyai-Polye
4. Syöjätär
5. Thekla
6. Florbovia

Høyoppløste bilder: