Marthe Lea Band - Asura

Marthe Lea Band
Asura



Asura er Marthe Lea Band si kjærleikserklæring til livet. Tydeleg inspirert av folkemusikk frå fjern og nær kan ein gjennom sju høgst ulike låtar høyre musikarane sine bakgrunnar og interesser forplante seg i sjelfulle vibrasjonar. Dette er musikk for feiring!

Marthe Lea balanserar sitt inderlege og kraftfulle uttrykk, som har i seg både folketonar og hyling, på ein befriande måte. Symptomatisk på denne opne tilnærminga er at ho på Asura opptrer med ei lang rekkje instrument. Piano-, gitar- og fløytespelet hennar fell seg like naturleg som det ho spelar på hovudinstrumentet tenorsaksofon.

Bandet har sidan 2018 spelt ei rekkje fritt improviserte konsertar som gjerne har vara i både ein og to timar. Filosofien har vore å lat det som skjer, skje. Dei har faktisk berre hatt ei låt på repertoaret, titulert «Sneaky Sneaky». Overraskinga var difor stor da Lea dukka opp dagen før innspelinga med seks heilt nye låtar, alle med heller finurlege vendingar. Akkurat som Marthe Lea sjølv. Innspelinga vart så eit forsøk på å spele desse låtane slik Lea hadde tenkt dei ut, og samstundes behalde den leikne og frie tilnærminga.

Musikken på Asura kan vel best karakteriserast som ein organisk mikstur av nynnbare melodiar, gyngande groover og spontane utbrot. Plata byrjar med «Kedi», som med sin eigendommelege tonalitet førar oss rett inn i dette Leanske universet. Men tru ikkje at vi her har med eit noko einsformig folkemusikkuttrykk å gjera. For «Jysla Jysla» kunne kanskje vore skrive av Elton John? Vidare, tittelsporet «Asura» bevegar seg frå det føydale Japan til ein midsommardans i skogen. Gjennom plata forflyttar musikken seg frå stemning til stemning i takt med hjartet sjølv, altså noko ujamnt men stadig skiftande. «Sakina» er tydeleg Gnawa-inspirert mens «Elgens hverdag» nærmar seg vuggesongens urgamle kraft. Innimellom dei er låta «Bølgebryter» som nok vil få den jazzinteresserte lyttaren til å nikke med. Plata avsluttes med før nemnte «Sneaky Sneaky» som har vore eit repeterande tema for dette bandet i fleire år. Felles for spora er at ein kan høyre dei som ulike festlege ritual for hylling av musikkens uendelege mogelegheitar.


Besetning:
Marthe Lea - tenorsaksofon, fløyte, piano, gitar, stemme, udungu, perkusjon
Andreas Hoem Røysum - klarinett, bassklarinett, stemme, perkusjon
Hans P. Kjorstad - fele, fløyte, stemme, perkusjon
Egil Kalman - kontrabass, modulær synthesizer, stemme
Hans Hulbækmo - trommer, perkusjon, stemme

Musikken er komponert av Marthe Lea
Spelt inn av Magnus Skavhaug Nergaard på Flerbruket 28. og 29. september 2020
Miksa av Kyrre Laastad i Øra Studio
Mastera av Karl Klaseie i Øra Studio

Omslagskunsten er gjort av meisteren for denne produksjonen, Marthe Lea

Motvind Records

LP

04. jun. 2021
Katalognr. MOT12P
EAN 1960060529424
PPD 100,-

CD

04. jun. 2021
Katalognr. MOT12CD
PPD 75,-
Sporliste:
1. Kedi
2. Jysla Jysla
3. Asura
4. Sakina
5. Bølgebryter
6. Elgens hverdag
7. Sneaky Sneaky

Høyoppløste bilder: