Spacemusic Ensamble - IS OKAY OKAY IS CERTIFIED

Spacemusic Ensamble
IS OKAY OKAY IS CERTIFIED

På Motvind Records' tredje utgjeving er det Signe Emmeluth som står for musikken, saman med sitt eiga Spacemusic Ensemble. Ensemblet, ein sterk bukett av sers toneangivande musikarar, har gått saman og tolka Emmeluths komposisjonar med eit slåande resultat – her er tolmod og retning, villfarande utbrot og melankolske melodiar, slakke strekk og stramme statements. Eit gjennomført groovy elektro-akustisk verk med tekster som maner fram vage og til tider surrealistiske bilete av kvantefysikk, kjærleik og kosmos.

Det er veldig gledeleg for Motvind Records at unge musikarar med hjarta på rette staden ynskjer å produsere og gje ut plater som krev ein viss hengivnad frå lyttaren si side. Vi trur på plateformatet og vert stadig fascinert av korleis ei heilheitleg plate kan ta ein med på innhaldsrike reiser. Med gode lytteførehald og ein porsjon konsentrasjon vil denne plata syne seg i all si prakt, med ny djubde for kvar gjennomlytting.

Spacemusic Ensemble består av: Rohey Taalah – vokal, Andreas Winther – trommer/synth, Karl Bjorå - gitar/no input mixer, Heida Karine Johannesdottir – tuba/effekter, Anja Lauvdal – piano/synth, Signe Emmeluth - saxofon/no input mixer/komposisjon og tekst.

Motvind Records

CD

05. apr. 2019
Katalognr. MOT3CD
EAN 7090015638971
PPD 75,-
Sporliste:
1. A
2. 1.1
3. B
4. C
5. 1.2
6. D
7. 1.3
8. E

Høyoppløste bilder: