Thov G. Wetterhus - Stålslått

Thov G. Wetterhus
Stålslått

Endeleg kjem det ei ny plate i serien med det pragmatiske namnet "Perspektiv på norsk folkemusikk". Faktisk så stod "solo munnharpeplate" som eit av dei fyrste punkta på idélista då dette plateselskapet vart stifta. Kvifor? Munnharpetradisjonen er noko av den mest umiddelbart transcenderande musikken vi har her på berget. Munnharpa rører ved skrotten vår og let oss draume oss bort i ei overtoneverd der tyngdekrafta verkar i pulserande bølgjer.

Thov Gudbrand Wetterhus. Merk dykk dette namnet. Vi har her å gjera med ein veldig musikalsk herre, ein vi trygt kan kalle ein meister. Denne plata er spelt inn i finstugu på nordre Wetterhus, garden Thov driv og bur på. Gangarar og springarar kjem tett i tett, innstendige tema vert repetert og variert, fikse bravurnummer stikk seg ut her og der. Raske slåttar, seige slåttar, stundom ljost og vårleg (Bjølleslåtten), stundom som eit skrekkscenario i den mørkaste skuggedal (Rammeslått og Bestelanden). Drivet er enormt, så beinhardt er det at ein jamnt held på å falla av stolen. Med melodi på toppen, bordun under og trampen i botn let det stort som eit indisk brassband. Det er noko poetisk over melodiføringa. Det er ei sårbarheit her som kler instrumentet. Frasene høyres nødvendige ut.

Munnharpa har ein mektig klang og konnotasjonane med okkultisme og sjamanisme er openbare. Middelalerfestelementet er tydeleg til stade på denne utgjevinga. Samstundeser dette sylvskarp klubbmusikk. Musikk som bør spelast høgt. Dansarar, lyttarar, DJar og rånarar, denne er til dykk!

Motvind Records

LP

25. jun. 2021
Katalognr. MOT11LP
PPD 100,-

CD

25. jun. 2021
Katalognr. MOT11CD
PPD 75,-
Sporliste:
1. FANTEN
2. RAMMESLÅTT OG BESTELANDEN
3. GAMLE GURO
4. HALLING-JÅRONN
5. BJØLLESLÅTTEN
6. FLEKSÅSEN
7. FISKAREN
8. FILLEVÆREN
9. SKJOLDMØYSLAGET
10. SPRINGAREN TE JON ELLING
11. KLONKAREN
12. FANITULLEN

Høyoppløste bilder: